| Type søknad | Gebyr |
|---|---|
| Besøksvisum for vaksne og barn over 12 år (ein eller fleire innreiser) | EUR 90 |
| Besøksvisum for barn mellom 6 og 12 år (ein eller fleire innreiser) | EUR 45 |
| Besøksvisum for vaksne og barn over 12 år som er statsborgarar av Aserbajdsjan (ein eller fleire innreiser) |
EUR 35 |
| Besøksvisum for alle barn under 6 år (ein eller fleire innreiser) | 0,- |
Viss du leverer søknaden din ved eit søknadssenter som tek imot søknaden på vegner av ambassaden, må du betale eit ekstra servicegebyr. Dette gebyret kjem i tillegg til det vanlege søknadsgebyret.
Viss søknadssenteret skal sende søknaden din til ein ambassade i eit anna land, må du i tillegg betale eit kurer-gebyr. Ta kontakt med søknadssenteret for informasjon om dette gebyret.
Noreg har inngått avtalar med andre Schengenland (i hovudsak Danmark og Sverige) om at enkelte av utanriksstasjonane deira skal ta imot søknader om visum og opphaldsløyve (som gir rett til å arbeide med mindre noko anna er presisert i vedtaket) til Noreg. I slike tilfelle gjeld gebyrsatsane til det landa som representerer oss.
Dersom du er visumpliktig og har fått opphaldsløyve eller løyve til å søkje om opphaldsløyve etter framkomst til Noreg, må du få utskrive eit innreisevisum i passet ditt. Dette blir gjort som hovudregel av den norske ambassaden i det landa du oppheld deg.
Dersom du oppheld deg i eit land utan norsk ambassade, er det mogleg du må betale for at passet skal sendast til ambassaden, enten direkte av deg sjølv eller via eit konsulat eller ein ekstern tenesteytar. Kontakt den aktuelle ambassaden for informasjon om korleis du skal gå fram.
| Søknader om forlengelse av visumet etter at du har kommet til Norge | Gebyr |
|---|---|
| Søknad om å forlenge visumet | 30 euro |