There is a license error on this site:
The license file "/app/License.config" does not exist
The Web site remains functional, but this message will be displayed until the license error has been corrected.

To correct this error:If you do not have a license file, please request one from EPiServer License Center.
Omgåingsekteskap - UDI

Omgåingsekteskap


Viss hovudgrunnen til at du giftar eller forlovar deg er at du vil ha eit opphaldsløyve i Noreg, kallast det eit omgåingsekteskap. Tidlegare blei dette kalla proformaekteskap.

Du kan bli nekta opphaldsløyve dersom UDI meiner det er mest sannsynleg at hovudgrunnen til at du gifta deg med ein person som bur i Noreg, er å få eit grunnlag for opphald her.  

For å undersøkje om eit ekteskap er eit omgåingsekteskap, vil UDI for eksempel sjå på:

  • kor lenge de har vore saman
  • kor mykje kontakt de har hatt
  • kva de veit om kvarandre
  • aldersskilnad
  • om ekteskapet er uvanleg i kulturen i landet du kjem frå
  • om du tidlegare har søkt om opphaldsløyve i Noreg eller eit anna land.

Viss UDI meiner at ekteskapet er eit omgåingsekteskap, kan UDI avslå søknaden din og kan vurdere å utvise deg frå Noreg og andre Schengenland i minst to år.

Fant du det du lette etter?