Tilsett i humanitær, ideell eller religiøs organisasjon
Du som skal arbeide i Noreg maksimalt 14 dagar og er tilsett i ein organisasjon som driv internasjonalt humanitært arbeid
Nokre tilsette i ein organisasjon som driv internasjonalt humanitært arbeid treng ikkje opphaldsløyve for kort tids arbeid i Noreg. Undersøk om du treng opphaldsløyve.
Du må ha eit konkret tilbod om heiltidsarbeid for ein etablert organisasjon.
Organisasjonen må ha som formål å drive ideell, humanitær eller religiøs verksemd. Det betyr at organisasjonen må ha som hovudformål å hjelpe menneske eller utføre anna ideelt arbeid. Organisasjonen kan gå med overskot, men kan ikkje ha som hovudformål å tene pengar.
Du må utføre ideelt, humanitært eller religiøst arbeid for organisasjonen.
Du må komme til Noreg som ein del av eit internasjonalt utvekslingsprogram eller fordi organisasjonen treng utanlandsk arbeidskraft.
Lønns- og arbeidsvilkåra kan ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg for yrket ditt der du skal jobbe i Noreg. UDI kan godta at du får låg eller inga lønn dersom dette er normalt for yrket ditt der du skal jobbe.
Lønna du får, må vere nok til at du klarer deg i Noreg, og du må ha ein stad å bu. Dersom du får lita eller inga lønn, må organisasjonen du skal arbeide for, dekke utgiftene dine til kost, losji og heimreise.
Rettar og plikter
Dersom du skal byte stilling eller arbeidsgivar, må du søkje om nytt løyve.
Du kan få løyve for eitt år om gongen, maksimalt fire år til saman.
Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
Ektemaken eller sambuaren din og barna dine kan vanlegvis søkje om å få bu saman med deg i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.